Nye Veier Magasin | A6 Austrheim
933
page-template-default,page,page-id-933,ajax_updown_fade,page_not_loaded,,qode-title-hidden,qode-theme-ver-14.4,qode-theme-bridge,wpb-js-composer js-comp-ver-5.4.7,vc_responsive
ARTIKKELANNONSE

Ledige næringsområde i Austrheim

Frå oljeservice til havbruk

Austrheim kommune ligg i Nordhordland, midt i det nye Vestland fylke. Kommunen er vertskap for deler av Equinor sitt anlegg på Mongstad, og har elles eit variert næringsliv med alt frå serviceindustri opp mot olje og gass, til lokalitetar for oppdrett av laks.

Like ved Mongstad-anlegget har kommunen sett i gang med detaljregulering av eit større næringsareal, der det no blir regulert over 300 mål for industri/næring. Her er det også mogleg å sjå dei aktuelle tomtene saman med næringsområde som er eigd av andre aktørar.

I den nyleg vedtekne kommuneplanen er eit større areal i Øksnesmarka, om lag 550 mål, sett av til næring. Dette arealet grensar til sjø, og det er mogleg med djupvasskai. Arealet kan til dømes brukast til landbasert fiskeoppdrett.

Austrheim ligg ein dryg times biltur frå Bergen, og har også eigen stoppestad for hurtigbåtane som går mellom Bergen og ulike mål i Sogn og Fjordane, det som skal bli nordre delen av Vestland. Like ved kommunesenteret ligg Austrheim vidaregåande, som har elevar frå begge fylka i det kommande Vestland. Kommunen har i dag 2.900 innbyggarar, og håpar sjølvsagt på at fleire vil bu og jobba i den flotte kommunen vår.

Når du ikkje er på jobb kan du utforska den flotte naturen her, og du vil raskt oppdaga kvifor øyene her var bustad for folk heilt tilbake til steinalderen. Med i alt 489 øyar, holmar og skjer er det mange flotte plassar, anten du brukar kajakk eller båt. Me kan også skryta av å ha landets vestlegaste fastlandspunkt – Vardetangen.

Austrheim ligg ein dryg times biltur frå Bergen, og har også eigen stoppestad for hurtigbåtane som går mellom Bergen og ulike mål i Sogn og Fjordane, det som skal bli nordre delen av Vestland.

Kontakt oss i dag: Austrheim kommune • Sætremarka 2, 5943 Austrheim • Telefon 56 16 20 00 • post@austrheim.kommune.no

En god sortering av returasfalt vil sikre at vi kan benytte de beste steinmaterialene på en optimal måte i asfaltproduksjon